Saturday, May 05, 2007
Wednesday, November 15, 2006
ingjerd lede quizen på www.poesihydna.blogspot.com, og leffi sotle!


når æg kom inn på badet i dag morges møtte dette synet meg, kæ så gjelle?? va de fussta æg tenkte! fatta kje heilt kæ som hadde sjitt hær, men dæ vise seg då at dæ bara æ leffi så he prøvt å barebera sæg, åsså he han hatt dårlige tid!! åsså he han sotla verre, tenk koss dæ må ha sitt ud!!! åsså dæ mæ båsbyttå, leffi likte kje barberskomme så han tog å tømte alt ud i bosset!!! hahaha! kæ seie me då? jo me lole!!
Monday, May 22, 2006
Thursday, May 18, 2006
Sunday, May 14, 2006
Velkommen alle saman!

Ettersom mitt gode innlegg på fokusweb vart sletta var det kanskje på tida og danne eit nytt eit her. Og sidan mine datakunnskåper er særs dårlege, vert det laga ved hjelp av ein blogg, for det er det einaste eg kan!
Bilete er sånn som eg ser ut, ganske vakker med andre ord. Det byrja i 2 klasse på barnaskulen, eg laga ein masse grimasar, så sa mor at eg kom til å verte sånn viss eg haldt fram, å jammen fekk ho rett, så ein anbefaling til alle saman; ikkje lag geipetryne foran mor di!
Så kan eg fortelje litt om i går, forutan at eg var i fjoset både morgon og kveld og i gartneria mellom stedlinga, så var eg på klepp om kvelden, dvs eg og leif magne.
Her traff me to morosame jenter som heitar hilde og solveig. Dei berre lo, lo, lo og lo endå meir. Særskilt under talen! Hilde hadde ein sånn happyjoke ting som ein får på mcdonald å den måtte ho berre trykka på slik at det bråka fælt. Eg kan ta litt av skylda eg og for alt bråket, talaren snakka om to som var på date, åsså heilt i slutten av daten prestere damå å sei; " du eg e itje interessert i deg meir enn ein ven". Også følte eg meg ganske treft i hjarterota, så det falt bare naturleg for meg å seie, "mhmmmm been there done that!" for det er jo så standard jente å seie slikt og spele så hard to get! Men det datt berre ut av meg, også kanskje med litt for mange decibel slik at det var litt mange som høyrte det! så leffi begynte jo sjølvsagt å burle, og dei fleste foran og bak meg, og hilde og solveig lo endå høgare! Også klarte ikkje eg heller halde meg så då lo me. Eigentligt var dette ikkje det eg skulle skrive om på bloggen, men det skal vere eit diskusjonsforum. Dette er eit bilete av hilde og solveig, eg har ingen av fjesa deira for dei berre gøymar fjesa sine. Dei går i fokus sitt mini gospel og er trufaste samspelarar og utan dei eller nokon andre i koret ville det ikkje ha vore det same. For alle på koret er galgode. Det tykkjer eg verkeligt og det er kjempekjekt å kome inn i eit rom der alle saman er glade og likar å syngje=)
STÅ PÅ!


